Jon Olav blei ramma av slag – no har han gått på Lodalskåpa

Det råka som lyn frå klår himmel. Jon Olav Kvamme, sprek bonde i 50-åra, politikar og fjellmann med sunn livsstil, låg nede for teljing. Kunne verken stå eller gå. Han hadde fått slag.

Ufatteleg: Å kunne stå der på Lodalskåpa igjen, etter at eg hadde hatt hjerneslag og korkje kunne stå eller gå, det var ei ufatteleg kjensle, seier Jon Olav Kvamme, som også fortel at det både gjorde stort inntrykk og motiverte han sterkt at kameraten Klemet Bø sa: Eg trur du kjem på Lodalskåpa igjen!   Foto: Privat

Reportasje

(Fjordingen) Haustsola skin i Oldedalen, og geitene beiter fredeleg. Jon Olav Kvamme, no 60, møter i døra, tilsynelatande blid og sprek som før. Lite vitnar om at han våren 2020 vart råka av hjerneslag og knapt kunne greie å setje seg opp i senga, langt mindre kome seg på føtene.