Knyter folk saman med kunst og klede

Dei har budd fleire år i London og USA, men no realiserer Julia og Bjørn kunstdraumar i Selje. Kven skulle tru at det var råd å få til eit profesjonelt catwalkshow med både lokalt og internasjonalt preg i ei lita bygd?

Kunstnarpar: Julia Kröner Venø og Bjørn Venø satsar på ei framtid med kunst og design i Selje. Ho er motedesignar og skreddar med internasjonal erfaring. Han er kunstnar som jobbar med foto og performancekunst.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Reportasje

– Her får eg ein fri flyt av energi, smiler Julia Kröner Venø og viser inn i syrommet, der det heng fulle stativ med fargerike kreasjonar.