Ein mann i 50-åra blei teken då han var passasjer i ein bil politiet stansa. Kort tid seinare blei ei kvinne i 40-åra teken i samband med ei ransaking av privat bustad.

Like etter midnatt blei to menn i 40-åra og ei kvinne i 20-åra tekne i ei ny ransaking ved privat bustad.

Lensmannen kalla inn ekstramannskap for å gjennomføre aksjonen. Målet var det lensmannen kallar eit etablert miljø som bruker eit såpass tungt stoff som amfetamin.

– Det er litt spesielt at vi klarer å slå til på tre stader omtrent samtidig. Det var etterforsking og etterretning som tilsa at vi kunne gjere dette. Og vi fann friske spor. Saka omfattar seks personar, fleire av desse er etablerte misbrukarar, seier lensmann Guttorm Hagen til smp.no.

Avdekt omsetningsledd

Til saman fann politiet bortimot 100 gram amfetamin.

Lensmann Hagen meiner politiet no har avdekt eit omsetningsledd i Volda og i Ørsta.

Ifølgje Nærnett er gateprisen for 100 gram amfetamin rundt 40.000 kroner.

– Vi ser vel ikkje problemet som løyst. Men det er viktig at vi får stoppa omsetning, seier Hagen.

Psykiske problem

Lensmannen legg ikkje skjul på at dette er ei prioritert oppgåve for politiet. Hagen seier det er ein samanheng mellom narkotikabruk og psykiske plager. Og dette problemet får kommunane i tillegg til det andre dei skal løyse.

– Når her er etablerte misbrukarar, så blir også ei utfordring for kommunane. Dei er ikkje i arbeid, og treng trygd og bustad. Vi finn dette i dei fleste tettstader på Sunnmøre. I tillegg er det eit spørsmål kvar dei skal bu, det er fleire døme på konflikt med andre som bur i nærleiken. Alt dette gjer det krevjande for kommunane, seier Hagen.

– Vi ser også at ein del av lovbrota vi etterforskar er tjuveri knytt til narkotikabruk, seier lensmann Guttorm Hagen.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no