Elevar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane får godkjent fri frå skulen i samband med obligatorisk køyreopplæring, utan at det går ut over fråværsgrensa på ti prosent.

Den nasjonale grensa på ti prosent fråvær i eit fag har skapt store protestar frå fleire hald, sidan det spesielt i små fag skal lite til før ein risikerer ikkje å få karakter i faget. Men hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane meiner obligatoriske kurs som langkøyring, og glattkøyring, samt oppkøyring til førarprøve, er lokale velferdsgrunnar for å få fri.

Utvalet understrekar også at rutinane for dokumentasjon på fråvær skal vere smidige.

Utvalsleiar Karianne Torvanger seier til NRK at Sogn og Fjordane er eit distriktsfylke, der førarkort er viktig for elevane. Ho skal no orientere utdanningskomiteen om vedtaket, men meiner det er rom for å bruke lokalt skjønn.