– Det er flytta til Ulsteinvik for overhaling og teknisk tilsyn, seier Jan Melsom i selskapet Waves4power.

Slepet vart gjennomført av slepebåten Hugin, og overhalinga skal skje på Ulstein Verft.

Jan Einar Saunes på S/B Hugin fortel at bøya stakk 12,4 meter ned i sjøen inne i Ulsteinvik hamn, det djupaste som har vore i hamna nokon gong.

Testbøye

Her ved Runde har bølgekraftverket vore sidan februar. Foto: Waves4Power

Kraftverk-bøya vart sett ut ved Runde i februar, men på grunn av ein skade som oppstod under utsettinga har ikkje bøya enno levert straum til land.

Først no, etter meir enn eit halvt år, blir skaden utbetra. Sein sakshandsaming hos forsikringsselskapet skal vere grunnen til at det har tatt tid.

Bølgjekraftverket er det første fullskala bølgjekraftverket til selskapet Waves4power. Dei samarbeider med Runde miljøsenter, og anlegget skal kunne gje straum til 15–20 hushaldingar.

Her blir bølgjekraftverket løfta i land i Ulsteinvik hamn. Foto: Jan Einar Saunes

– Bøya vil ligge i Ulsteinvik i ei veke til 10 dagar før den blir slept ut igjen. Vi forventar at den blir sett i produksjon i siste halvdel av oktober, seier Jan Melsom.

Hantrur at dette berre er starten på det som kan bli eit bølgjekrafteventyr.

Eit firma som skal byrje med havbasert oppdrett har vist interesse for å ta i bruk bølgjekraft-bøyene.

Stryvo AS skal etter planen produsere bøyene på Fiskåholmen i Vanylven.