No er han dømd til fengsel i 16 dagar. Søre Sunnmøre tingrett meiner det er tale om grov svindel. Det er ein betydeleg sum, og det er brot på den tillit som offentlege velferdsordningar byggjer på.

Retten legg også vekt på at mannen urettmessig har fått utbetalt dagpengar i ein lang periode - eit heilt år.

Mannen viste i retten til at han ikkje forstod ordninga med dagpengar under arbeidsløyse, men dette finn retten ikkje bevis for. I dommen blir det trekt fram at han hadde rotete økonomi, med mange inkassosaker. Og retten meiner det ikkje er nokon annan grunn for handlinga enn at han ønskte å få utbetalt dagpengar, sjølv om han ikkje hadde krav på det.

Mannen må også betale 3.000 kroner i sakskostnader.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no