Over 2200 på opera i Nordfjord

Til saman 2238 personar har sett framsyninga «Hoffmanns eventyr» i haust. Dette er ein del færre enn i fjor.

Opera Opera Nordfjord sette opp operaen Hoffmanns eventyr i haust. Operasjef Kari Standal Pavelich fortel om kunstnarisk suksess, men ho skulle ønskt fleire fekk med seg framsyninga.  Foto: Svein Nesbakk

Søre

Opera Nordfjord viste søndag framsyninga «Hoffmanns eventyr» for sjette og siste gong denne hausten.

Ifølgje Fjordabladet opplevde operaen nedgang i billettsalet i år.

360 færre

Til saman 2238 personar såg framsyningane, noko som er 360 færre enn i fjor. Samla var det også 690 tome sete. Likevel undestrekar operasjef Kari Standal Pavelich at det ikkje er noko krise.

– Kunstnarisk har dette vore ein suksess. Eg trur nesten aldri vi har fått så mykje gode tilbakemeldingar. Det har vore begeistring og skryt frå alle hald, seier Pavelich til avisa.

Overskot i fjor

Operaen hadde bra overskot i fjor. Dette var med på å dekkje etterslepet frå siste åra.  Framover vil ein skjere ned der ein kan, men likevel halde kvaliteten oppe.

Operaen gjekk i år ned frå åtte til seks framsyningar. Med den lokale sildeoperaen neste år, er planen å auke opp igjen.