Ingen kom til skade i hendinga, men politiet har teke beslag i førarkortet til sjåføren, opplyser politiet på Sunnmøre på Twitter. Politiet vil undersøke om føraren har vore vore tilstrekkeleg varsam etter vegtrafikklova.

Operasjonsleiar Tor André Gram Franck opplyser at utforkøyringa skjedde frå ei kai. Politiet har ikkje konkludert om kva som var årsaka til at bilen hamna i sjøen.

– Men det vart antyda at det var glatt på staden, seier Franck til smp.no.

Bilen skal ikkje ha hatt sommardekk, men ha vore skodd etter forholda. Det var ikkje behov for berging frå brannvesen, og politiet har fått opplyst at eigaren vil stå for berging sjølv.

Politiet varsla om hendinga ved 3-tida natt til laurdag.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no