På Marin Samhandlingsarena i Ålesund tysdag kveld fortalde Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter om dei nye marine grunnkarta for dei fem kommunane på ytre søre Sunnmøre.

– Vi har skrudd på lyset på havbotnen, sa Hareide, og viste kart over sjøbotnen med detaljar som få har sett før, inkludert vrak frå krigen og leivningar frå kondemneringsordninga for fiskeflåten.

Oppløysing på nivå med NAF si vegbok

Hareide meiner det er ei ny verd som opnar seg.

Nils Roar Hareide har vore ein av pådrivarane, saman med Oddvar Langva ved Norges Geologiske Undersøkingar.

Kommunane har betalt ein del, men det har også vore andre finansieringskjelder. Hareide meiner karta både vert viktige for oppdrettsnæringa, fiskerinæringa og for planlegging av byggeprosjekt i sjøen, slik som bruer og moloar.

– Dette har blitt eit pilotprosjekt der NGU og kartverket vil vise seg fram, seier Hareide.

Forsvaret måtte overtalast

Noko av det unike med karta er den store oppløysinga, som gir rom for mange detaljar. Hareide fortalde at forsvaret måtte overtalast til å gi dispensasjon for å bruke høg oppløysing på karta.

– Vi har vore veldig heldige, og kommunane har fått mykje att for pengane. Det er stor interesse for å få liknande kart også andre stader i landet. Og vi oppmodar alle til å bruke karta både til opplæring og forsking, seier Hareide.

Dei marine grunnkarta for Søre Sunnmøre er tilgjengelege for alle på sunnmorskart.no.