Gode banktider på Søre

Merkar ikkje dårlege tider

SpareBank1 Søre Sunnmøre merkar lite til dårlege tider for kundane, men tar høgde for auka tap i offshore

God resultat Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank1 Søre Sunnmøre 

Søre

–Vi veit at offshorenæringa slit, men i andre næringar merkar vi lite til den negative situasjonen. Veldig mange av våre kundar gjer det godt, seier administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Også personkundane klarer seg.

–Ting ser ut til å flyte bra, også på ytre søre Sunnmøre, seier Brautaset.

På vegner av sparebanken , som har hovudkontor i Volda, la han fram eit god kvartalsrekneskap med eit konsernresultat (overskot) på 75 millionar etter skatt, samanlikna med 42,7 millionar for same perioden i fjor. Ei viktig forklaring på forbetringa er gevist på sal av selskap. Men banken har og redusert kostnadane, og forbetra rentenettoen. Banken har og kvitta seg med eit av sine problemengasjement i Ørsta, nemleg næringseigedomen på Mosmarka.

–Vi har eit godt resultat, og ei god underliggande drift, seier adm. dir. Stig Brautaset.

Med mørke skyer over offshorerederia vel banken å auke tapsavsetnaden. I dei tre første kvartala er det sett av 18,2 millionar kroner til tap på engasjement.

– Det betyr at vi tar høgde for tap,men det er ingenting som tyder på at det vert betydelege tap, seier Brautaset.