Dette seier distriktsingeniør Ivar Fivelstad i NVE Region Vest. Han har jobba mykje opp mot dei enorme skadane som vart gjort langs Barstadelva i Barstadvik i Ørsta august i 2016. Arbeidet med å rette opp i skadane og å førebygge nye skader føregår framleis, med Aurstad AS som entreprenør.

Kostnad mot nytte

Distriktsinspektør Ivar Fivelstad i NVE korkje vil- eller kan forskottere utfallet av søknaden, som er venta å bli avgjort i løpet av mars i år.

Nedbør Det er spådd eit villare og våtare klima i Møre og Romsdal dei komande tiåra. Dette kan gå ut over liv og helse, som saman med busetnad no har prioritet framom både matjord og andre samfunnsfaktorar.

– Her er ei lang rekkje liknande prosjekt som skal med i den same prioriteringsvurderinga. Der ligg heilt konkrete kriterium ut ifrå kost/nytte-prinsippet til grunn, forklarer Fivelstad. Han registrerer at Barstadelva er nemnt som eitt av fleire vassdrag med ferske flaumtilfelle, i den ferske fylkesomfattande klimarapporten.

– Så store skader ved ein flaum gjev ikkje automatisk rett til inngripen og satsing frå NVE?

– Eg kjenner ikkje til forsking på dette, men det kan synast om heilt lokale byger av ekstrem nedbør no kan vere meir konsentrerte enn tidlegare kjent, vurderer Fivelstad.

Ut ifrå dette meiner han også det kan vere vanskelegare enn før å føresjå kvar ekstrem skadeflaum vil oppstå.

Dette synet får Fivelstad støtte for frå miljørådgjevar Magnar Selbervik i Ørsta kommune. Også han har arbeidd mykje opp mot situasjonen langs fleire gonger flaumråka Barstadelva.

Barstadelva Denne elva har vore råka av tre større flaumar berre sidan august 2016. Her det grunneigar Anders Romestrand som er spent på kor høgt ho går, i november 2016.

– Eg har høyrt også lokale folk langs fleire dalføre i Ørsta snakke om dette, at langvarige og lokale nedbørsbyger kan vere meir kraftige enn det nokon kan hugse frå før.

– Noko som kan underbyggje denne observasjonen, er at vi kan ha enorm skadeflaum i eit dalføre, medan det berre er stor vassføring i tilsvarande nabodalføre, registrerer Selbervik.

– Såleis kan det tykkjest vanskeleg å forhalde seg bastant til forholda i kvar einskild vassdrag, og kva som kan kome frå oven.

– Forhold som snøsmelting, frosen, vassdrukken- eller også knusktørr jord kan avvise nedbør på ein måte som får store konsekvensar for akuttmengdene til vassdraget som skal svelgje unna, ser Selbervik.

Klimarapport lagt fram for fylket: – Dette kan gje kolossal erosjon og få enorme konsekvensar

Også han seier seg spent på om NVE vil imøtekome søknaden til elveeigarlaget på Barstad om støtte frå NVE.

Villare Miljørågjevar Magnar Selbervik høyrer som stadig hardare lokale nedbørsbyger.

– Får dei dette, kan det fort verte snakk om tiltak som ytterlegare utgraving av houvdløp, og særleg bygging av massebasseng som fangar opp lausmassane som i sin tur fører til oppdemming og skade. Då vil ein i alle fall i dette vassdraget vere tryggare enn før mot skadeflaum som kan oppstå, seier Selbervik.

Det er grunneigar som i prinsippet har ansvar for å førebyggje og rette opp etter flaum. I Barstadvik vert skadeopprettinga som føregår no forskottert som naturskadesaker – med staten som motpart.

I august 2014 var det Årsetdalen på Vartdal som fekk den lokale støyten med skadeflaum. Eitt år etter var det grannedalføret Barstad sin tur. Foto: Knut Arne Aarset