Teke med 2,5 kilo amfetamin og hasj - men nektar narkosal

La korta på bordet, men hevdar 2,5 kilo narkotika var til eige bruk.

Kring to kilo Politiet har teke dette bildet av amfetamin som blei teke frå mannen. Mannen er fengsla i fire veker og politiet etterforskar framleis saka.  Foto: Politiet

Søre

Politiet: Mann hadde kilovis med amfetamin og hasj

Ein mann i slutten av 30-åra er varetektsfengsla til 29. april etter at politiet har beslaglagt over to kilo amfetamin og eit halvt kilo hasj frå mannen.

To gongar på ei veke blei mannen stoppa med narkotika som politiet meiner skulle seljast på Søre Sunnmøre.

Mannens sin forsvarar opplyser at mannen i 30-åra som no er sikta for grov narkotikakriminalitet, seier han skulle ha narkotikaen sjølv.

– Ikkje for sal

Den sikta samtykka til å bli fengsla i Sunnmøre tingrett for fire veker den 31. mars. Ifølgje forsvararen erkjenner mannen at han har oppbevart narkotikaen.

Men han er ikkje samd i opplysningane politiet gjekk ut med onsdag, om at den Volda-busette mannen reiste til Austlandet for å hente narkotika som skulle seljast på Sunnmøre.

– Han erkjente med ein gong oppbevaring av stoffet og viste politiet kvar dei kunne finne det. Men han seier at dette var til eige bruk, seier advokat Morten Bjønness.

Lensmann: – Gjennombrott

Lensmann Guttorm Hagen meiner beslaga av kring 2,5 kilo amfetamin og hasj er eit gjennombrott mot eit miljø i Volda som dei òg koplar til anna kriminalitet.

– Vi har sett at det har vore ein del lovbrott knytt til dette miljøet, seier Hagen og fortel at det dreiar seg om alt frå vald, truslar, tjuveri og skadeverk.

– Gjennombrott Lensmann Guttorm Hagen seier beslaga er eit gjennombrott i etterforskinga av eit miljø i Volda som politiet også koplar til kriminalitet som truslar, vald, tjuveri og skadeverk. Arkivbilde  Foto: Svein Nordal

Advokat Bjønnes vil ikkje svare på det no, men seier at det skal bli interessant å høyre grunngjevinga frå lensmannen når saka kjem for retten.

I fengslingspapira blir det vist til ein anna tiltale mot mannen, men forsvararen opplyser at dette i hovudsak ikkje er narkotikakriminalitet.

Politisamarbeid

Politiet har samarbeida med politiet på Austlandet i etterforskinga.

To gongar blei mannen ransaka, ein gong i bil på Austlandet, då han skal ha vore på veg i bil til Volda. Den andre gongen var ved eit busstopp i Volda etter at han skal ha kome frå Austlandet.

Ifølgje papira frå tingretten blei først funne kring 1,7 kilo amfetamin, og ei veke etterpå teke beslag i kring ein halv kilo amfetamin og hasj.

(saka held fram under)

Beslag Politiet beslagla ein kring halv kilo hasj.  Foto: Politiet

Politiet: Mann hadde kilovis med amfetamin og hasj

Ein mann i slutten av 30-åra er varetektsfengsla til 29. april etter at politiet har beslaglagt over to kilo amfetamin og eit halvt kilo hasj frå mannen.

Lensmann Guttorm Hagen seier dei ikkje ventar fleire pågripingar som følgje av desse beslaga.

– Meiner politiet det har vore ei oppblomstring av narkotikabruk i Volda?

– Som i andre tettstader er det også ein del misbruk i Volda, og vi har retta innsatsen mot dette miljøet, svarar Hagen.