Oppdatering: Klokka 16.06 melder NRK Trafikk at riksvegen er rydda etter brannen.

Ingen personar vart skadd, då ein bossbil tok til å brenne på riksveg 15, på Haugen i Eid onsdag ettermiddag.

Politiet twitra om brannen litt før klokka 14. Då heitte det at naudetatene nett var kome fram, og at det var omkøyring for små bilar.

- Føraren var åleine i bilen. Han stoppa og gjekk ut av bilen då han oppdaga brannen. Det er mistanke om sjølvtenning, heitte det kort tid etter.

– Det er krevjande å få kontroll på brannen fordi det også har starta å brenne i søppelet inni bilen. Difor er det vanskeleg for mannskapet å komme til, sa vaktleiar Oddbjørn Aune på Alarmsentralen til NRK Sogn og Fjordane ved 14.30-tida.

Ifølge operasjonssentralen til politiet var brannen meldt sløkt klokka rundt klokka 15. Då venta ein kun på bilberging.