Ferjekrøll på Festøya-Solavågen

Tekniske problem for Fjord1 på ferja mellom Ørsta og Sula.
Søre

B-ruta på ferjestrekninga mellom Festøya og Solavågen er fredag innstilt frå klokka 10.55 grunna tekniske problem.

Det var venta at ruta ville vere ute av drift til 13-tida, men ifølgje ei melding frå reiarlaget er det normal drift i sambandet frå kl. 11.55.