Utsett sak om skulestruktur i Sande

Formannskapet i Sande sende saka ut på høyring.

Må spare pengar: Alle elevane fra 1. til 10. klasse i Sande kommune kan bli samla på ein skule i framtida.  Foto: Knut Arne Aarset

Søre

I går skreiv Sunnmørsposten at ei gruppe hadde sett på den framtidige skulestrukturen i Sande, og forslaget i ein rapport var å leggje ned fire av fem skular i kommunen. Gruppa foreslår å leggje ned skulane både i Gjerdsvika, Gursken/Haugsbygda, Sandsøya og Kvamsøya.