Glede over at Sande-skular «overlevde» forslag om nedlegging

Gleda er stor på Sandsøy etter at kommunestyret i Sande utsette saka som omhandla framtida for skulen på øya.

Butikkbørsen: Både kunde Anne Bjørg Bringsvor og butikkleiar Anna Kirsti Skare er hjartans samde om at skulen er heilt sentral i eit lite øysamfunn. – Vi må gjere alt for å behalde skulen vår, seier Bringsvor. 

Søre

– No pustar vi letta ut, i denne omgang iallfall. Og vi kjem til å stå på like hardt vidare for å behalde skulen, seier Anna Kirsti Skare til Sunnmørsposten.