Tiltalt for narkotikabruk og ruskøyring

Søre

Ein mann i 30-åra er tiltalt for tre tilfelle med innførsel, bruk og oppbevaring av narkotika frå sommaren 2017 til vinteren 2018.

Til saman skal mannen ha innført eller oppbevart knapt 50 gram marihuana, om lag same mengde hasj, drygt 13 gram amfetamin og 100 valiumtablettar.

Mannen er også tiltalt for å ha køyrt bil i rusa tilstand fire gonger i Ulstein og Stryn i same periode. Saka skal til behandling ved Sunnmøre tingrett i slutten av oktober.