Stal vegpengar to gonger på ei veke

Tjuveri frå kasser til veg- avgift er blitt eit stort problem. To gonger på ei veke vart kassa på vegen til Hornindalssætra opna.

Tjuveri: To gonger på ei veke vart kassa for vegavgift til Hornindalssætra tømt.  Foto: Privat

Søre

(Fjordingen): – Dette er kjedeleg. Vi har ei spesiallaga kasse som skulle vere temmeleg vanskeleg å bryte seg inn i. Men på ei veke vart kassa opna to gonger. Første gong var det antakeleg ikkje pengar i kassa, seier Ove Fagerheim i Hornindalssætra grendalag. Pengane som kjem inn i vegavgift vert brukt til vedlikehald av vegen, og kjem dermed ålmenta til nytte.

Politibetjent Vidar Stavik stadfestar at tjuveria i Hornindal er meldt til politiet. Førre veke fekk politiet melding om tilsvarande tjuveri i Innvik. Og det har vore fleire andre tilfelle i distriktet dei siste månadene.

– Politiet vil gjerne ha tips i desse sakene, seier Stavik.

(denne saka ble først publisert av Fjordingen)