Bil treft av tilhengar – ein til sjukehus

Ein person var fastklemd etter ei trafikkulukke i Ulstein onsdag ettermiddag.

Ulykke i Ulstein:   Foto: Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet Vestposten

Helikopter: Eit ambulansehelikopter landa ved ulukkesstaden.  Foto: Smp-tipsar

Søre

– Personen er frigjort og send til Ålesund sjukehus med luftambulanse. Skadeomfanget er ukjent, opplyser operasjonsleiar Tove Anita Asp i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ein annan person i same bilen er send med ambulanse til legevakt, truleg utan alvorleg skade.

Treft av hengar

To bilar var involvert i ulukka på fylkesveg 61 i Ulstein onsdag ettermiddag.

– Dei to i den andre bilen er uskadde. Sannsynlegvis har hengaren på bilen deira treft den møtande bilen, opplyser Asp og legg til at saka blir vidare etterforska.

To ulukker på søre

Det blei først meldt at ulukka skjedde i Dimnakrysset. Politiet endra dette seinare til at ulukka har skjedd på fylkesveg 61 ved Sandvika.

Vegmeldingssentralen melde at trafikkuhell på fylkesveg 26 gjer at det er nokre problem med å passere på strekninga Dimna Rundt - Hasund.

Vikebladet Vestposten fortel at vegen var opna i 18-tida, men at trafikken flaut ujamnt.

Naudetatane rykka ut til to trafikkulykker på ytre søre Sunnmøre onsdag.

Den første ulukka skjedde i Herøy, der to bilar var involvert i uhellet som skjedde ved Eggesbønes. Ein halvtime seinare melde politiet om ulukka i Ulstein kommune.

Sunnmørsposten følgjer saka