Steinras i Fjørå

10-15 personar bur ovafor raset like ovafor Fjørå i Norddal.

Steinras på fylkesveg 93 i Fjørå laurdag morgon.  Foto: Robert Wollmann

Søre

Steinraset har gått på fylkesveg 93 i svingane ovafor Fjørå. Vidare oppover skal det bu i overkant av 10 personar.

- Ein traktor har opna opp slik at det mogleg å passere med bil, fortel Robert Wollmann til Sunnmørsposten. - Men det heng meir stein oppi der, seier han og legg til at han har varsla Vegtrafikksentralen.

Ein entreprenør har laurdag føremiddag vore på staden og vurdert raset.

- Det er trygt å passere. Den store steinen som ligg utanfor vegbana blir tatt måndag, seier operatør Erlend Nilsen ved Vegtrafikksentralen til Sunnmørsposten.

Det er truleg regnet som har utløyst raset. På Nordvestlandet er Norddal blant kommunane som får mest regn denne helga. Sjå oppdatert vêrvarsel (ekstern side).