Båt og mannskap slapp med skrekken etter grunnstøyting på uheldig tidspunkt

Sjark tok inn vatn etter grunnstøyting ved Fosnavåg.

Skjermdump av korleis sjarken har navigert i samband med grunnstøytinga vest for Fosnavåg. Kart: Marinetraffic.com 

Søre

Ingen av dei to om bord kom til skade då ein sjark på kring 13 meter grunnstøytte tidleg laurdag utanfor Fosnavåg. Til alt hell kunne mannskapet sjølv ta båten til land til trass for at den tok inn vatn.