Politisk oppvask i Ørsta om det private Aurstad-møtet

Kveldsmøtet der ein tredel av kommunestyret møtte næringslivstopp, passerer slett ikkje udebattert.

Sette ballen i spel: Frida Gilberg (MDG) var ein av representantane i kommunestyret som ikkje vart invitert på Aurstad-møtet 27. august. Ho var derimot definitivt til stades på kommunestyremøtet 1. november. Etter forslag frå Gilberg, skal administrasjonen gå gjennom dei etiske retningslinene på nytt. Dette vert eigen sak på neste kommunestyremøte i Ørsta. Til venstre sitt varaordførar Karen Høydal (Ap) og ordførar Stein Aam (Sp), som begge var på det kontroversielle møtet. Elleve kommunestyrmedlemmar (av 33) og seks formannskapsmedlemmer (av ni) deltok der. Til høgre for Aam sitt rådmann Wenche Solheim, som skal sjå på nye etiske retningsliner.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Søre

– I Ørsta kommune må vi ta eit oppgjer med møtekulturen, når problema melder seg.