Expo vann konkurransen

Slik blir det nye mediebygget ved høgskulen i Volda 

Expo-forslaget vann arkitektkonkurransen om nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda.
Søre

Det er arkitektar i PEAB/K Nordang og Link arkitektur som står bak vinnarforslaget som fredag vart presentert ved Høgskulen i Volda.

Bygget vil koste kring 200 millionar kroner og vert finansiert av høgskulen sjølv. Styret ved høgskulen har vedteke at prosjektet skal vidareførast og byggestart er planlagt neste sommar.

Grunngjevinga

Eit utval sett saman av representantar frå Høgskulen i Volda og Statsbygg har vurdert dei fire ulike forslaga.

I grunngjevinga for val av vinnaren heiter det:

«Expo» tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå», ifølgje pressemeldinga frå høgskulen.

(Saka held fram under)

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn frå medielinja fortalde korleis det nye mediebygget ved høgskulen skal byggjast.   Foto: Marius Rosbach

Knappe 4000 kvadratmeter

Rektor Johann Roppen og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn frå medielinja fortalde på eit ope møte, korleis fire kandidatar i løpet av hausten var blitt til to – og til slutt kvifor valet fall på Expo.

Høgskulen meiner vinnaren har fått mykje ut av arealet på knappe 4000 kvadratmeter og hadde dei beste forslaga til korleis romfordelinga skulle løysast.

(Saka held fram under)

Høgskulen i Volda ber om stort møte med Volda kommune

Mediebygg og ny tunnel: Roppen vil ha den nye arealdelplanen grundig presentert.

 

Mediebygget i Volda blir utsett

To av dei fire som vil bygge nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda er blitt avviste. Ein av dei har klaga.


Bygget er utforma som bokstaven L med ein bygningsdel «hengande» i lufta. Det gir også tak til uteareal her. Rotevatn forklarte korleis bygget skal plasserast mellom dei andre bygga.

– Bygget legg seg som ein lamell mellom Aasen og Strøm, så kjem dette bygget som ein tredje lamell. Så strekk den seg vidare som ein arm bort mot Berte Kanutte, fortalde Rotevatn.

Innflyttingsklart i 2021

Kring 50 tilsette og 500 heiltidsstudentar vil vere brukarar av bygget. I dag nyttar mediestudentane lokaler som er opptil 50 år gamle og lite funksjonelle.

Statsbygg er byggherre og vil vere eigar av bygningen, som leigast ut til høgskulen. Neste steg er å inngå kontrakt med entreprenør og lage eit forprosjekt.

Om bygget får klarsignal frå regjeringa er det venta å vere klart til innflytting tidleg i 2021, ifølgje pressemeldinga frå Statsbygg.

Det komande mediebygget markert i blått, slik det vert plassert inn mellom dei andre bygga ved Høgskulen i Volda.