Garasje gjekk tapt i brann, men berga bustadhuset

Ein garasje gjekk tapt i brann i Ørsta natt til laurdag.
Søre

Ingen personar kom til skade då ein garasje og to bilar vart totalskadd under ein brann i Barstadvika natt til laurdag.

Brannen spreidde seg også til ein yttervegg på bustadhuset ved sidan av, men brannfolka klarte å berge huset frå flammane.

– Garasjen var heilt utbrent, men huset vart berga og er framleis mogleg å bu i, fortel operasjonsleiar Kenneth Sætre til Sunnmørsposten.

Bebuarane valte å bu med nokre kjenningar i natt, men huset vart lufta ut etter brannen. Politiet kjente laurdag ikkje årsaka til at det starta å brenne.

– Politiet vil truleg gjere tekniske undersøkingar på tomta, seier operasjonsleiaren.

Det rykka ut brannfolk frå fleire stasjonar og brannvesenet i Volda rykka ut med tankvogn, melder 110-sentralen for Møre og Romsdal på Twitter.