Politikarane i Vanylven ønskjer ei rask avklaring om kva som skjer på Fiskåholmen etter at Ulstein Verft bestemte seg for å legge ned drifta på staden.

Ordførar Jan Helgøy i Vanylven meiner det verste som kan skje, er at holmen blir liggande i lengre tid utan ny aktivitet.

Les også: Ulstein legg ned i Vanylven

Lokalpolitikarar og Vanylven Utvikling har drøfta konsekvensane av nedlegginga i eit møte, og kva for tiltak kommunen kan sette i verk. Kommunen misser 28 arbeidsplassar, men dei tilsette har fått tilbod om å jobbe i Ulsteinvik.

– Det er heilt avgjerande for kommunen si vidare handtering at vi no får ei avklaring frå Ulstein-gruppen om deira planar for området, seier ordføraren i Vanylven, Jan Helgøy, i ei pressemelding sendt ut etter møtet.

Samstundes seier han seg trygg på at Ulstein-bedrifta vil vise samfunnsansvar og bidra til ei framtidsretta løysing.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ulstein har hatt verksemd på staden sidan 1970-talet. Området er eigd av Ulstein Group, medan bygningane er eit sameige mellom Ulstein og Vanylven kommune.

Konsernsjef Gunvor Ulstein opplyser via sin informasjonsavdeling måndag at det ikkje er avklart kva som vil skje med eigendomen, og at dei vil kome tilbake med meir informasjon om saka på eit seinare tidspunkt.