Ny signering for Volda handball

Kjem frå Godøy IL: Madelen Roald Wiig har signert for Volda.  Foto: Volda handball

nyhetsstudio
Joackim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

(Møre-Nytt): – Madelen er ein spelar vi følgt med på lenge. Ho var ein viktig spelar i IL Valder sitt gode 2003- kull som imponerte mange i fjorårets nasjonale Bring-serie. I år har Madelen storspela i 20-årsserien for Godøy med 56 mål på åtte kampar. Ho er framleis ung (fyller 18 år i juni), men allereie ein spennande spelar med mange ferdigheiter, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson til Volda handball sine heimesider om nysigneringa Madelen Roald Wiig.