Ekte vare hos Juletrenissen i Hovdebygda

Det første juletreet planta Eilert Hovden for 50 år sidan. Enno dyrkar og sel han juletre til høgtidspynta heimar.

Juletre: Låven til Eilert Hovden er i ferd med å fyllest med juletre, og låvedøra står vidopen for å ta imot små og store juletrekundar. Førskulegruppa ved Hovdebygda barnehage er komen til gards for å sikre seg eit grønt og fint juletre som skal pynte opp utandørs ved barnehagen. Vogna til å frakte juletreet på er klar. Eilert Hovden Foto: Staale Wattø sw@smp.no 

pluss

Plastjuletrea er største konkurrenten. Men det vi ser er at dei som skaffar seg plast er tilbake etter nokre år for sikre seg eit levande juletre, seier Eilert Hovden. Han smiler lunt der han står omringa av sine grøne vener.