Båtulykka ved Tyskholmen

- Vi høyrde eit kraftig smell og eg ringde politiet med beskjed om at det måtte ha vore ei ulykke. Responsen var laber.

Det kan ha vore lyden av båtulykka ved Tyskholmen Annbjørg Jarnes høyrde frå naustet deira i Langevåg, litt etter midnatt, natt til søndag. No sit ho skuffa tilbake. Skuffa over at naudmeldinga hennar ikkje vart tatt vidare.

Melde frå Uroa over det ho hadde høyrt ringde Annbjørg Jarnes naudnummeret til politiet litt før klokka 00.30, natt til søndag. Telefonen hennar resulterte ikkje i at det vart aksjonert, stadfestar politiet.   Foto: Privat

pluss

- Vi sat i naustet vårt i Molværfjøra. Klokka var 00.15. Mannen min, som er sjømann, hadde først registrert lyden av ein båt som gjekk for full fart. Då vi så høyrde eit kraftig smell, var kommentaren hans noko a la: «Der var det ein som gjekk på seg på eitkvart», seier Jarnes. Einig med ektemannen ringde ho difor naudnummeret til politiet.