Odd Arne Grande har hatt hjarteinfarkt tre gonger

Kjempar for tidskritisk hjartebehandling

Tre gonger har Odd Arne Grande hatt hjarteinfarkt. Han meiner det ikkje er haldbart å måtte fly til Trondheim for å få beste behandlinga.

Lang veg Odd Arne Grande har hatt hjarteinfarkt tre gonger. Han hadde følt seg langt tryggare om Ålesund sjukehus hadde tilbod om PCI. Ingen sjukehus i Møre og Romsdal utfører utblokking, og det fører til lang reiseveg for eit tidskritisk behandlingstilbod.  Foto: Staale Wattø

pluss

Sist gong Grande hadde hjarteinfarkt blei han frakta til St. Olavs i Trondheim for utblokking (PCI). Dette var i 2010, og framleis er det slik i Møre og Romsdal at det som vert rekna som den beste tidlegbehandlinga av hjarteinfarkt ikkje vert tilbydd innanfor fylkesgrensa.