Utbytedryss: 825.000 kr til Stryn kommune

Ordførar Sven Flo er godt nøgd med 825.000 kroner i utbyte til Stryn kommune, men er klar på at utsiktene til utbyte aldri har vore nokon drivkraft for kommunen.

Fornøgde aksjonærar: Aksjonærane følgde spente og fornøgde med på presentasjonen av det første årsresultatet for selskapet som no heiter Loen Skylift AS. FOTO: BENGT FLATEN  

pluss

(Fjordingen) – Kommunen si viktigaste rolle i starten var som planmyndigheit, med den oppgåve å få prosjektet raskt realisert. Så vart vi utfordra til å gå inn på eigarsida, og gjekk inn med 16,5 millionar kroner i aksjekapital. Det gjorde vi for å bidra til at Hoven Loen vart realisert. Vi hadde ingen tanke om utbyte. Det var heller aldri drivkrafta, seier Flo.