Frivillige organisasjonar kan arve millionar, men brør meiner testament er ugyldig og saka kjem opp i retten

Strid om millionarv

På dødsleiet ville mannen sette opp testament og gi millionformuen sin til ideelle formål. No skal retten avgjere om testamentet er gyldig, eller om arven går til mannen sine to brør.

Arvestrid: Søre Sunnmøre tingrett skal i haust ta stilling til om testamentet mannen ville sette opp på dødsleiet er gyldig, noko som er avgjerande for om det er dei ideelle organisasjonane og ein venn eller dei to brørne som får millionarven. Illustrasjon  Foto: Berit Roald, Scanpix

Sjølv om pengane går til gode formål, så er det strenge formkrav til eit testament

Jørund Knardal
pluss

– Tvisten gjeld om testamentet er gyldig. Det er skriftleg, men mannen døde utan å signere, seier advokat Nils Ivar Sylte som representerer ein privatperson og fleire ideelle organisasjonar i arvetvisten.