KFUM Volda overraska alle i rankingturnering – spelar i eliteserien kommande sesong:

Jubla over opprykk

Dei var nærast i sjokktilstand; spelarar og støtteapparat etter at plassen i eliteserien var sikra. Vi snakkar om KFUM Volda sitt damelag i volleyball som komande sesong er hjå dei beste i landet.

Klare for eliteserien: KFUM Volda sitt lag etter at opprykket var klart i Farsund søndag, bak frå venstre, Marie Brænde, Siri Stranden, Rali Emilova, Ylva Bjørdal, Julie Helle, Astrid Lid, Marija Todorova. Nede frå venstre: Vilde Stakseng, Silje Strand, Johanna Bø, Julie Bakkebø. Framme: Edna.   Foto: KFUM VOLDA

pluss

– Det var fyrst på torsdag kveld at vi i klubben fekk beskjed om at det var to lag som skulle rykke opp til eliteserien etter at rankingturneringa var over i Farsund. Og det var heilt på håret at vårt lag kom seg til ein semifinale der. For hadde Oslostudentene slått Sandnes laurdag hadde dei tatt semifinaleplassen frå oss.