< Asylmarerittet - smp.no/pluss – Eksklusive nyheter fra Sunnmørsposten forbeholdt abonnenter.

Asylmarerittet

Vi er som fengsla i Ålesund. Borna fryktar for framtida. Dei er redd politiet skal komme å ta dei. Men politiet kjem ikkje, dei har nemleg ingen land å sende oss til.
- Wael Hassan, far

Syriske Laila Rashad og den statslause familien hennar kom til Ålesund for sju år sidan. Dei flykta frå krigen i Gaza, men vert ikkje rekna som flyktningar. Borna Mahasen (16), Fawzi (15), og Hassan (12) er fødde i Syria. Tvillingbrørne Ahmed og Mohammed (6) er fødde i Ålesund og skal begynne på skulen til hausten. Den nye regelen om lengeverande asylborn gjeld for born som har opphalde seg i kongeriket Norge i meir enn fire år, men likevel får ikkje familien opphald.

"Vi bur i eit fengsel"
- Wael, far

Som å bu i eit fengsel

Familien har fått avslag på asylsøknaden sin seks gongar. Dei oppheld seg ulovleg i landet, men kan heller ikkje returnerast nokon stad. Det er berre kona som er syrisk og har statsborgarskap. Borna har nemleg arva statsløysa frå faren Wael, og er like uflyttbare som han sjølv.

- Vi bur i eit fengsel. Vi kan ikkje jobbe, vi kan ikkje ta sertifikatet, og vi kan ikkje dra frå Ålesund. Dei kan heller ikkje sende oss ut, og ikkje får eg innvilga frivillig retur heller, seier familiefaren.

-Vi merkar det meir og meir som ungane veks opp. Dottera mi Mahasen fekk ikkje vere med på skuleturen med 10. klassen i Skarbøvika til Polen i fjor. Sonen min Hassan får ikkje spele bortekampar og vere med på turneringar. Dei er deprimerte begge to på grunn av avslaget, og Hassan orkar ikkje spele fotball meir. Fawzi går i 5. klasse på Spjelkavik barneskule, og han går heldigvis framleis på fotballtrening. Vi snakkar ikkje med han om dette, vi prøver jo å skjerme borna så lenge som mogleg, seier han.

Flyktning heile livet

Han har vore flyktning heile livet. Familien hans flykta frå Gaza til Qatar i 1967, då han var eitt år gamal. Sjølv om han vaks opp der, gir det han ingen rett på å søke om verken arbeidsinnvandring for seg sjølv, eller familieforeining for kona og borna. I alle avslaga han får om asyl, er grunngjevinga nemleg at han kan reise tilbake til Qatar.

- Qatar er ikkje mitt land. Dei trur meg ikkje når eg seier at dei ikkje tek i mot palestinarar, og i alle fall ikkje dei statslause.Venen min som er der får ikkje mor si på besøk ein gong, og norske myndigheiter forventar at eg skal få familieforeining med kona og borna mine?

Wael Hassan

Gifta seg på tvers av to kulturar

Wael møtte Laila i Syria då han var der på ferie. Før krigen var Syria eit godt alternativ til det tørre ørkenlandet i gulf-statane, med sine fjellandskap og lune temperaturar. Laila Rashad var ei lita og flott kvinne, men ho var kurdisk.

- Familien hennar godtok ikkje at ho skulle gifte seg med ein arabisk mann, så vi rømte i lag frå Aleppo der ho budde, til Damaskus for å gifte oss. Eg hadde arbeid i Qatar på ein Pepsi-fabrikk, men eg tente ikkje nok til at dei ville la meg hente kona mi til å bu saman med meg. Ho fekk berre komme på besøk tre månadar om gongen, og så måtte ho vente tre månadar før ein kunne søke igjen, seier han.

Dei neste seks åra levde han eit liv han aldri vil tilbake til, der kona og borna berre fekk komme på besøk eit par gongar i året. Han heldt det ikkje ut lenger.

- Alt eg ville var berre å vere saman med familien min. I mange år heldt vi på slik, og eg greidde det ikkje meir. No vil Norge at eg skal gjere det igjen, seier han.

Wael Yusuf Saleh Hassan
"Eg visste ikkje at Gaza var ein annan plass eller farlegare enn Syria og Qatar. Alt eg hugsar er kor kjekt det var at no fekk eg endeleg bu saman med pappa, for første gong i heile mitt liv"
- Mahasen

Tok med familien til Gaza

I 2004 tok Wael med seg kona og dei tre små borna til Gaza, i heimlandet Palestina. Der hadde han ikkje vore sjølv sidan han var eitt år gamal. Det var rolege tider no, og etter at Yasser Arafat døde i 2004 var det mange palestinarar som
drog heim for å auke befolkninga og forhindre at israelarane skulle okkupere meir av landet deira. Israelske soldatar kontrollerte alle grensepostar og slapp folk verken inn eller ut, men dei tok sjansen likevel. Wael og familien reiste først til Egypt og tok seg inn i Gaza gjennom tunnelane ved grensa til Palestina og Israel.

-Eg er fødd i Syria. Eg kan hugse det som eit fint land, grønt og frodig, og folk var glade. Eg kan hugse at vi reiste fram og tilbake til Qatar for å besøke pappa, men eg visste ikkje at det var ulike land. Eg visste heller ikkje at Gaza var ein farlegare plass enn Syria og Qatar. Alt eg hugsar er kor kjekt det var at no fekk eg endeleg bu saman med pappa, for første gong i heile mitt liv, seier dottera Mahasen.

Illusjonen brast då krigen starta

Illusjonen om eit lukkeleg familieliv brast då borna vart store nok til å gå ut i gatene. I 2007 vart det militante islamistiske partiet Hamas valt inn i regjeringa, og kort tid etter kasta dei ut Yassir Arafat sitt parti Fatah på Gazastripa. Palestina fekk då to separate regjeringar for dei okkuperte territoria vestbredden og Gaza. Det var stadige kampar mellom dei ulike sidene, og forholda vart vanskelegare og vanskelegare.

– Vi heldt oss mest innandørs dei første to åra, for vi var
altfor unge. Men seinare skjønte vi at det var krig der. Vi såg døde menneske i gatene, og eg kan hugse ein gammal mann som berre ville forbi ein grensepost bli skoten av israelske soldatar. Det vart verre, og pappa fann seg ikkje fast arbeid. Vi gjekk berre på skulen av og til, for dei dagane vi høyrde bombing ute, fekk vi ikkje gå ut, fortel Mahasen.

Slapp ut gjennom eit nålauge

I januar 2008 sprengte Hamas muren ved grensa til Egypt. Grensa hadde vore stengt sidan Hamas tok kontroll og blokaden mot Gaza vart sett i gang av Israel. Den stoppa import av alt. FN skildra blokaden som ei kollektiv straffing. Israel kravde at Egypt skulle stenge grensa, men den dåverande egyptiske presidenten Hosni Mubarak beordra soldatane sine om å la folk få sleppe inn. Grensa var open i elleve dagar, og ein og ein halv million menneske søkte mat og tilflukt i Egypt. Familien Hassan var blant dei som slapp gjennom nålauget.

– Vi sat bak i ein sjukebil over grensa til Egypt. Og så hugsar eg at vi var på eit tog, ein buss, eit mørkt rom, og så eit stort asylmottak i Oslo, fortel Mahasen.

Norge var det tryggaste landet.

Syria var uaktuelt ettersom Wael ikkje fekk opphalde seg der meir enn eit par veker om gongen med turistvisum. Foreldra visste ikkje kvar dei skulle, men dei skulle nordover. Dei skulle dra til ein trygg plass der borna kunne få ei framtid.

- Dei andre flyktningane sa at Norge var det tryggaste landet. Der har dei demokrati og borna kan vere trygge. Eg kom jo til Norge for å sleppe pendlinga til Qatar, og å sleppe å måtte etablere meg på nytt der no når vi flykta frå krigen. Eg vil ikkje leve livet utan borna mine. Eg vil berre vere saman med dei eg er glad i. Eg vil at dei skal vekse opp ein trygg plass og få seg ei utdanning. Gløym meg, gjer kva de vil med meg, men ver så snill og ta i mot borna mine, seier Wael.

Borna sov på mesteparten av flukta frå Gaza til Norge. Dei har heller ikkje blitt fortalt noko særlig om kva som skjedde rundt denne tida.

Eit par månadar etter at familien kom til Norge, starta Hamas og Israel ein krig i Gaza som heldt på i fleire veker. Grensa var stengt igjen, og det var ingen stad å flykte til for dei som var igjen. Meir enn 1000 menneske vart drepne i Gaza, og 13 i Israel.

Gløym meg, gjer kva de vil med meg,men ver så snill og ta i mot borna mine

Wael Hassan

Sunnmørspostens fotograf Stig Havnevik tok dette bildet av familien i januar 2008, berre eit par månadar etter at dei kom til Ålesund. Her er dei med på ein stille protest mot krigen i Gaza i Palestina som drap 1000 menneske, krigen dei nett hadde flykta frå.

Sunnmørspostens fotograf Stig Havnevik tok dette bildet av familien  i januar 2008, berre eit par månadar etter at dei kom til Ålesund. Her er dei med på ein stille protest mot krigen i Gaza i Palestina som drap 1000 menneske, krigen dei nett hadde flykta frå.

- Dokker seier at Norge er eit demokratisk land, men kvifor kan då ikkje eg som er syrisk flyktning få opphald for meg og familien min?

Laila Rashad

Laila Rashad er flyktning frå Syria, men får ikkje opphald. I avslaget stod det at ho måtte forlate landet, og i rasande frustrasjon var det akkurat det ho gjorde.

Frå eit land i krig, men ikkje flyktning

På veggen heng eit bilde av bestefar i Syria. Han vart drepen for tre månadar sidan i eit bombeangrep i Aleppo. Laila er kurdisk og frå byen Aleppo, der president Bashar al- Assad sine regjeringsstyrker har drepe over 70 sivile med tønnebomber og luftangrep dei siste vekene. Men Laila vert ikkje anerkjend som flyktning. Utlendingsnemnda (UNE) meiner at ho og borna tidlegare har hatt opphaldsløyve i Qatar, og at ho derfor heller kan pakke sakene sine og dra dit. Ho får dermed ikkje opphald for seg sjølv og familien i kongeriket Norge. Laila sjølv kan ikkje forstå kvifor ho får avslag.

- Eg skjønner ikkje kvifor dette skjer med meg. Qatar er ikkje mitt land, eg har aldri hatt anna enn besøksvisum der. Eg er syrisk. Eg er flyktning. Far min og onkelen min er død, bror min vart tatt av IS og ingen har høyrt noko frå han. Eg har seks søstrer, og no vi er spreidd for vinden alle saman. Eg veit ikkje kvar dei er, eller om dei lever. Dokker seier at Norge er eit demokratisk land, men kvifor kan då ikkje eg som er syrisk flyktning få opphald for meg og familien min?

Ville heim til Syria

Laila forsøkte å ta ut søknaden i sitt eige namn for å klage på tidlegare vedtak som var i mannen sitt namn. Han er statslaus palestinar, og ungane har arva statsløysa av han. Han har fått avslag på søknaden sin seks gongar, først fordi han tidlegare har hatt arbeidsløyve i Qatar og UNE meiner han burde heller prøve lukka igjen der, deretter fordi dei meiner han ikkje har gjort nok for å få til dette.

I september i fjor fekk også Laila avslag. I papira stod det at ho måtte forlate landet, og i rasande frustrasjon var det akkurat det ho gjorde. Ho pakka med seg tvillingane og dottera og sette i veg for å komme seg ut av landet.

- Eg har aldri loge om identiteten min, og eg har fem lengeverande asylborn. Eg vart veldig deprimert og sint då avslaget kom, og eg bestemde meg for å reise heim til Syria, koste kva det koste ville, på ulovleg vis gjennom Sverige.

Laila Rashad

Mannen Wael sat frustrert igjen, og visste ikkje kvar kona hadde tatt vegen. Han høyrde ikkje noko frå ho før fleire døgn seinare.

- Ho sa at ho skulle besøke ei venninne. Eg prøvde å ringe men fekk ikkje kontakt før etter tre dagar. Eg visste at noko var gale, men vi haldt oss i ro her heime, eg og dei to eldste gutane.

Då ho endeleg svarte på telefonen, var ho på eit mottak i Stockholm. Då Laila og borna gjekk av toget i Stockholm oppdaga politiet at dei verken hadde pass eller reisedokument. Ho kom seg ikkje lenger. Men ho ville ikkje vere i Norge lenger, så ho prøvde å søke asyl i Sverige også.

Laila og dei tre borna var vekke i frå Ålesund i nesten fire månadar, og var innom fire ulike transitt- og asylmottak i Sverige. Asylsøknaden vart avslått fordi ho allereie hadde søkt i Norge. Dei blei dei sendt heim til Ålesund.

UNE: Prøv lukka i Qatar

I avslaget til Laila la UNE til grunn at ho kan returnere til Qatar fordi ho har budd der i fleire år med opphaldsløyve.

"Laila har fått avslag på sin søknad om beskyttelse fordi hun kan returnere til Qatar, sammen med ektemannen og barna. Laila har tidligere bodd flere år i Qatar og fått familiegjenforening og oppholdstillatelse med sin ektemann der. Opplysninger om hennes oppholdstillatelse i Qatar står i reisedokumentene hennes. "

(seksjonsjef Hanne Bjerkan Johnsen via e-post)

Budde aldri i Qatar

Sunnmørsposten har sjølv sett reisedokumenta til Laila, og dermed bevis på at ho aldri har hatt opphaldsløyve i Qatar, men at ho pendla til og frå og fornya 3-månadars besøksvisum kvar gong. Då Sunnmørsposten utfordra UNE på dette fekk vi følgande svar frå seksjonsjef i UNE Hanne Bjerkan Johnsen, via e-post.

"Da nemnda vurderte Laila Rashads sak la den til grunn at hun har hatt lovlig opphold i Qatar. Det sentrale er likevel om det er mulig for henne å få en tillatelse ved retur til Qatar, ikke hvilken type tillatelse hun har hatt tidligere. Ifølge våre kilder kan ektefeller få lovlig opphold i landet på familietillatelser"

Brødrene Hassan, Ahmed, Mohammed og Fawzi på asylmottaket i Ålesund hausten 2014. Fawzi (t.h.) spelar framleis fotball, medan storebror Hassan (t.v.) har mista motivasjonen etter at familien fekk eit nytt avslag. Tvillingane skal begynne i 1. klasse på Spjelkavik barneskule til hausten, og det gler dei seg veldig til. Foto: Privat

Brødrene Hassan, Ahmed, Mohammed og Fawzi på asylmottaket i Ålesund hausten 2014. Fawzi (t.h.) spelar framleis fotball, medan storebror Hassan (t.v.) har mista motivasjonen etter at familien fekk eit nytt avslag. Tvillingane skal begynne i 1. klasse på Spjelkavik barneskule til hausten, og det gler dei seg veldig til. Foto: Privat

Rota til marerittet: Innvandringsregulerande omsyn

Den nye forskrifta om lengeverande asylborn gjorde at familien fekk håp. Norsk Organisasjon for asylsøkarar (NOAS) hjelpte dei med å sende ein ny søknad om omgjering tidlegare i år, og denne gongen igjen med faren Wael som klagar. Men i april i år fekk dei avslag igjen.

To av dei tre som vurderte søknaden meinte at dei «tungtvegande innvandringsregularande omsyna»samla sett måtte vege tyngre enn barnas beste. Den tredje meinte at borna si tilknyting til Norge var viktigare.

I vedtaket står det at avslaget skal vere forsvarleg ut frå omsynet til barnas beste, og nemnda påstår deretter at borna vil få både skulegang og helsetilbod i Qatar. Med dette legg UNE til grunn atWael har arbeidsløyve i Qatar, noko han ikkje har.

– Ifølge UNEs kjelder har statsløse palestinarar, med arbeidsgivar og gyldig oppholdstillatelse, rett til å søke om å få kone og barn til landet på ein familietillatelse, seier seksjonssjef i UNE Hanne Bjerkan Johnsen til Sunnmørsposten via e-post.

Sprik i kjeldene om Qatar

UNE viser fleire gongar til kjeldene sine om Qatar. I fleire av avslaga til familien vert det referert til denne responsen frå Landinfo, utlendingsforvaltinga si kjelde for landinformasjon: "Kuwait, FAE og Qatar: Statsløse palestineres muligheter for innreise".

- Landinfo er en hovedkilde på informasjon om statsløse palestineres mulighet til innreise til Gulf-landene. Men vi bruker også andre åpne kilder i vår saksbehandling, seier seksjonssjef i UNE Hanne Bjerkan Johnsen.

Dokumentet ser på om statslause palestinarar som ikkje har lovleg opphald i eit anna land, vil kunne flytte til dei tre landa viss, og sjølv om, dei har ein «sponsor» og tilbod om arbeid.

Nokre av kjeldene er skriftlege, andre er munnlege. Alle kjeldene står i slutten av dokumentet. I dokumentet skriv dei også at dei har tatt kontakt med mange andre land for å få tak i informasjon, men at ingen andre land har svart på førespurnaden deira.

Til dømes skriv dei både at ein diplomatisk kjelde meiner at dei tek i mot statslause palestinarar, medan den palestinske ambassaden rapporterte om at innreisekvoten for deira landsmenn dei siste åra var lik null.

Trass i det dei sjølv omtalar som «spriket i disse kildeutsagnene» vert konklusjonen at innreise til Qatar for statslause palestinarar med egyptiske reisepass ikkje er utelukka.

I dokumentet står det:

«Andre kilder som Landinfo har vært i kontakt med, men som ikke ønsker å bli sitert, har imidlertid antydet at Qatar kan være det vanskeligste av de tre landene å få innreise til for palestinere med egyptiske reisedokumenter. Disse kildene uttaler seg konsistent og antas å ha god kjennskap til temaet, men har ellers ikke noen direkte befatning med det..»

Respons Kuwait, FAE og Qatar: Statsløse palestineres muligheter for innreise

«..På spørsmål fra Landinfo om hvorvidt Qatar gir innreise til statsløse palestinere med egyptiske reisedokumenter, svarer en lokal diplomatisk kilde som Landinfo tillegger stor troverdighet (e-post januar 2015), at det «fortsatt ikke blir utstedt arbeidsvisum til palestinere». Vi har imidlertid ikke fått klarhet i om det med dette siktes til de 20 000 som det skulle være åpnet for fra Gaza, palestinere generelt, eller om det siktes spesifikt til palestinere med egyptiske reisedokumenter.»

«..Spriket i disse kildeutsagnene tolker vi dithen at selv om Qatar skulle være restriktivt, så har ikke dermed enhver palestiner med egyptiske reisedokumenter vært utelukket fra å kunne reise inn i landet og ta arbeid»

Respons Kuwait, FAE og Qatar: Statsløse palestineres muligheter for innreise

Sunnmørsposten lukkast ikkje på dette tidspunktet å få kontakt med Landinfo sine tilsette som har jobba særskild med Qatar.

NOAS: Dette er berre tull

- Det er dessverre ei heilt ordinær grunngjeving å sende statslause palestinarar tilbake til land dei tidlegare har hatt opphald i, men det er berre tull. Statslause har ingen land å returnere til. Det er ein praksis vi ikkje er einig i, og vi har forsøkt å ta det opp med utlendingsforvaltninga tidlegare. Vi veit også at Qatar ikkje tek i mot statslause palestinarar slik utan vidare. Men dei rikkar ikkje, og dei meiner det er mogleg for den einskilde å skulle få det til, seier Jon Ole Martinsen, seniorrådgjevar og pressekontakt i NOAS.

- Det er berre tull. Statslause har ingen land å returnere til. Det er ein praksis vi ikkje er einig i, og vi har forsøkt å ta det opp med utlendingsforvaltninga tidlegare.

Jon Ole Martinsen, seniorrådgjevar i NOAS

Jobbar med å finne ei anna løysing

- Vi kjem ingen veg med noko ny søknad til UNE for å få endra avslaget. No jobbar vi med å finne ei anna løysing. Familien får avslag fordi UNE meiner Wael ikkje har «gjort nok» for å finne arbeid, sponsor og arbeidsløyve i Qatar, og reknar det som «aktiv motarbeiding» og dermed eit tungtvegande "innvandringsregulerande omsyn".

- Vi meiner at UNE feiltolkar skiljet mellom passivitet, aktiv medverking og aktiv motarbeiding, og akkurat no tenker vi først på å klage til Sivilombodsmannen for å få rydda opp i det vi meiner er ei feiltolking av lova, seier Siril Berglund, rådgjevar i NOAS som har jobba litt med saka til familien.

Om heller ikkje dette fører fram, vil NOAS vurdere å ta saka til ein høgare domstol. Berglund trur uansett ikkje at situasjonen vil halde fram slik i det uendelege;

- Stortingsmeldinga «Barn på flukt» viser til at på eit tidspunkt vil likevel omsynet til bornas beste måtte gå føre andre omsyn. Det finst inga magisk grense som seier når dette er tilfellet, seier Berglund.

Ber om hjelp

NOAS sitt arbeid er frivillig og basert på donasjonar, og ting kan ta tid. Familien set stor pris på hjelpa frå NOAS, men ønsker samstundes å gjere alt dei kan for å løyse saka si. Derfor ber dei no om hjelp til å komme i kontakt med ein god advokat i nærområdet, og dei vil betale.

- Vi treng hjelp til å finne ein som kan snakke med oss ansikt til ansikt og fortelje oss kva moglegheiter vi har, seier Wael.

- Vi trenger hjelp til å finne ein advokat som kan komme hit og snakke med oss ansikt til ansikt og fortelje oss kva moglegheiter vi har.

Faren Wael

"Kvar gong eg får nytt håp,
så vert det mislukka og vi får eit nytt avslag"
- Mahasen, dotter

Mahasen (i midten) med klassevenninnene Nina Kristin Måseide og Marthe Westnes. Foto: Tove Elise Thue Dale

Draumane kan bli knuste

Ifølge lova får ikkje Mahasen fortsette på vidaregåande skule til hausten fordi ho er i landet ulovleg.

Mahasen er 16 år gamal og går første året på lina for Helse- og oppvekstfag ved Borgund vidaregåande skule. Draumen er å bli tannlege, og planane er klare, om enn litt usikre.

– Etter det neste året på Borgund vil eg ta det siste året i enten Stavanger eller Trondheim, og så vil eg halde fram med tannhelsefag på ein høgskule, seier ho.

Ho er fullt klar over at ho som asylsøkar utan lovleg opphald i landet ikkje vil vere i stand til å studere vidare etter vidaregåande. Eit søk i opplæringslova viser at det ikkje ein gong er sikkert at ho får halde fram på vidaregåande til hausten. Lova seier nemleg at ho etter fylte 16 år må enten ha lovleg opphald eller framleis vente på vedtak for å ha rett til vidaregåande opplæring.

Familien fekk endeleg avslag om opphold i april.

Verken rektor på skulen eller inntakskontoret på Fylkeskommunen visste noko eller kunne seie om Mahasen får halde fram med utdanninga si i haust.

Ingen vits i å gå på skule

Ho har budd i Ålesund sidan ho var ni år gammal, og gjekk på Skarbøvika ungdomsskule før vidaregåande. Mahasen er fødd i Syria men har arva status som statslaus frå faren, som er palestinar. Familien har vore her i sju år og får avslag på søknadane sine gong på gong. Etter det siste avslaget har ho ikkje klart å fokusere på skulearbeidet som før.

– Eg er så redd for å ikkje få halde fram med skulen, og for å bli sendt tilbake til Gaza eller Syria. Eg ser jo på nyheitene og eg veit kva som skjer der. Kvar gong eg får nytt håp, så vert det mislukka og vi får eit nytt avslag, seier Mahasen.

– Eg synest ikkje det er noko vits i å gå på skule no. Eg veit ikkje så mykje, foreldra mine snakkar ikkje så mykje om dette framføre oss, men eg har vore deprimert sidan mamma tok med meg til Sverige, seier ho. I vinter tok nemleg mora Laila Rashad ho med ut av landet for å forsøke å returnere til Syria.

Forstod kvifor mora rømte

– Eg ville ikkje dra, men eg forstod at ho var veldig sint og deprimert. Eg skjønner godt at ho tenkte det var betre å dra. Men vi kom oss heldigvis ikkje til Syria, vi vart stoppa i Sverige og der vart vi verande lenge. Først var vi på eit mottak i to dagar, og så fire andre, i fleire månadar. Eg fekk vennar på mottaka vi var på, men det var slitsamt å bli flytta på slik. Sidan eg kom tilbake så fekk vi nytt avslag igjen, og eg slutta å tenke på skulen, seier ho.

Laga facebook-gruppe

Ifjor haust bestemde venninnene i klassenhennar seg for å ta saken i eigne hender. Dei ville forsøke å gjere noko for å hjelpe venninna si.

- Dei har vore her i sju år og har ikkje gjort noko gale, men likevel får dei ikkje vere her. Vi ville hjelpe, ikkje berre sitte å sjå på. Heile klassen var einige, og slik blei facebook-sida «La Mahasen bli i Norge» oppretta. Sidan då har vi har fått mange positive tilbakemeldingar, og over 1000 «likes» fortel Marthe Westnes (17).

Jentene blei veldig bekymra då Mahasen dro med mora til Sverige ei periode, og er glade for å ha ho tilbake. Men dei har merka at ho ikkje har det så bra no.

- Vi merka kor lei seg ho blei etter det siste avslaget no i april, at ho ikkje er like gira lenger på skulearbeidet. Ho har mista all motivasjon. Vi prøver å hjelpe ho så godt vi kan. Vi er her for å hjelpe, seier Marthe til Mahasen.

Tekst: Tove Elise Thue Dale - Design: Liv-Jorunn Håker Ottesen
Copyright 2015 © Sunnmørsposten. Ansvarlig redaktør: Hanna Relling Berg.