«Fjellet som trugar»

Vaktar kvar millimeter

Konsekvensane av eit ras frå Åkerneset vil vere katastrofale. Å forutsjå korleis fjellet oppfører seg, er umuleg. Det einaste mennesket kan gjere er å overvake det. 24 timar i døgnet.

- Eg er glad for at eg s i frå og nokon til slutt såg alvoret i det

Per Åkernes
Åkerneset
  • Fjellet, som er i rørsle, kan vere over 100 meter djupt, med eit volum på mellom 40 og 70 millionar kubikkmeter.
  • Rørslene varierer, frå nokre få cm til over 10 cm i året.Dersom større delar av dette går ut i eitt skred, vil det utvikle flodbølgjer som kan rekkje langt utover Storfjorden. Ti kommunar kan vere i faresona.
  • Kjelde: NVE

Overvaking: Kjell Jogerud ved eitt av strekkstaga, som er spent opp i rivna for å måle rørsler. I gjennomsnitt beveger fjellpartiet seg med 4-6 centimeter i året.  Foto: Staale Wattø

Helikoptertur: Per Åkernes har besøkt Åkerneset mange gongar etter han flytta frå heimgarden Ytste Åkerneset på slutten av 50-talet. Her klyv den spreke 84-åringen ut av helikopteret til Airlift torsdag 13. august. Han er takksam for at han nok ein gong får eit gjensyn med landskapet han er så glad i.  Foto: Staale Wattø

Gjensyn: Per Åkernes tilbake på tunet der han vaks opp på Ytste Åkerneset. Biletet stod på trykk i Sunnmørsposten 31. juli 1985.   Foto: Ole Jostein Fet (arkiv)

Varslaren: Per Åkernes oppdaga i 1983 av revna hadde utvida seg. Her er han fotografert medan han måler breidda i revna i 1985.  Foto: Ole Jostein Fet (arkiv)

Heimgarden: Ytste Åkerneset slik garden ser ut i dag. Foto: Staale Wattø 

Faksimile: Sunnmørsposten 31. juli 1985. 

Gode minner: Per Åkernes har mange gode minner frå barndommen på den vesle fjellgarden.   Foto: Petter Sandvik.

pluss

Per Åkernes krøkjer seg saman, og bøyer hovudet mot bakken, medan helikopteret lettar frå taket på betongbunkeren Ørnereiret. Det har blitt ein del flyturar på mannen som såg det som si plikt å varsle om at fjellpartiet hadde bevega seg urovekkjande mykje på nokre tiår.

Skjulte trugslar

– Det var ganske tilfeldig at eg oppdaga sprekken då eg sommaren 1983 var på fjelltur saman med to av brørne mine, fortel Åkernes.

Han trur det kan finnast fleire skjulte trugslar i fjella på Sunnmøre, som enno ikkje er oppdaga.

– Men om dei er like store som rivna på Åkerneset, er ikkje godt å seie. Størst er nok sjansen for at slike finst i svært ulendt terreng.

Åkernes vaks opp i nærområdet, på den vesle fjellgarden Ytste Åkerneset, som ligg 170 meter over havet i Sunnylvsfjorden. Han fortel at rivna i fjellpartiet hadde vore kjent gjennom fleire generasjonar.

– Det gjekk ei geitrås forbi. På seinsommaren henta vi geitene ned att til garden. Då brukte vi å passere. Vi gjekk óg mykje på jakt i området.

«Fjellet som trugar»

Olina opplevde flodbølga i Tafjorden

Katastrofefilmen «Bølgen» har snart premiere. Den treng ikkje Olina Bjørlykke (101) sjå. For ho har sett ei katastrofebølge herje.


Liten sprekk

I hans unge år var ikkje sprekken større enn at ein kunne stikke handa nedi, og i beste fall knyttneven.

– Det var snakk om ein sprekk på 5–10 centimeter. Vi brukte å sleppe steinar nedi sprekken, og høyre kor langt dei fall. Om hausten sette vi steinar nedi sprekken på toppen, og då vi kom tilbake neste vår, var dei borte. Slik fekk vi bevis for at sprekken utvida seg lite grann.

Åkernes vart svært overraska over kor mykje sprekken hadde utvida seg då han kom tilbake til gamle trakter etter fleire tiårs fråvær.

Sikrar innbyggjarane viss bølgja kjem

Evakueringssonene for ei flodbølgje frå Åkneset er vesentleg utvida.


Uråd å springe over

– Då hadde rivna utvida seg til eit par meter, og det var uråd å springe over, fortel Åkernes.

Han legg ikkje skjul på at han fekk seg ein støkk.

Ei stund etter ringde han til redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten, som han kjende og som han visste hadde vore i området tidleg på 60-talet og teke bilete av rivna.

– Flem sende innover journalist og fotograf med reportasjebåten «Svint» eit par år etter, slik at dei kunne ta seg opp til staden og dokumentere det som var i ferd med å skje, i avisa.

I ein heilsides reportasje onsdag 31. juli 1985 vart det spurt om det lause fjellpartiet kunne skape flodbølgje på Hellesylt om det ramla i sjøen. Steinar Bakkehøi ved Geoteknisk institutt i Oslo uttalte at det var lite truleg at fjellskalken ville føre til kjempeplask. Dette fordi terrenget har ei jamn halling, og raset må rulle 1.500 meter før det når sjøen.

Bakkehøi tok til orde for at det burde setjast opp måleboltar i fjellet slik at ein kunne finne ut om det verkeleg hadde skjedd ei utviding.

– Dessverre vart ikkje trugselen teke på alvor i kommunen, men tvert om dyssa ned. Det skjedde ikkje noko før Frank Sve (Frp) vart ordførar. Han har gjort ein kjempejobb for å få overvakingssenteret på Stranda på plass, meiner Åkernes.

Høgrisiko

Når vi skodar utover Åkerneset frå 900 meters høgde 13. august 2015, kan vi med sjølvsyn konstatere at det har skjedd svært mykje med overvakinga, frå dei første strekkstaga vart monterte i 1989. I dag er det døgnkontinuerleg overvaking av eit høgrisikoobjekt det handlar om. Det ustabile området strekkjer seg over eit areal på om lag 700 x 1.200 meter.

– Vi har om lag 60 ulike måleinstrument spreidde ut over heile fjellsida, fortel Kjell Jogerud, seniorrådgivar i NVE.

Han har jobba med Åkernesremna sidan starten av beredsskapssenteret Åknes Tafjord Beredskap på Stranda for ti år sidan. Frå januar vart det underlagt Norges vassdrags- og energidirektorat, då dei tok over ansvaret for overvakinga av fjellskred i landet.

Frå utkiksstaden ser vi tre bunkerar. Ormebolet nede ved fjorden, Ørnereiret like ved der vi står og Fjellvåken, på eit endå luftigare punkt enn vi er. Betongbunkerane er bygde for å tole snøras og steinsprang, og såleis gi godt vern for straumforsyning, kommunikasjonsutstyr og instrumentering. Naturkreftene er så sterke at mennesket vanskeleg kan gardere seg mot alle ytre påkjenningar, som snøskred, steinsprang, lyn og torden.

Men ifølgje Jogerud har dei så mange ulike typar instrument, at det er minimale sjansar for at alle blir slått ut på ein gong.

Kjenner naturkreftene på kroppen i Tafjord

Vi lener oss tilbake på mjuke vegger og ser idylliske bilder gli forbi oppe i taket. Plutselig skjer det. Raset går, og det kjennes både i kropp og sjel.


Mange målingar

Frå senteret i Stranda kan dei følgje med på den minste rørsle idet det pågår. Overvakinga skjer mellom anna ved hjelp av navigasjonssatelittar.

På fleire master i det ustabile partiet er det montert GPS-mottakarar. Posisjonsmålinga gir data om korleis terrenget rører på seg. I tillegg nyttar dei laser til avstandsmåling, samt ulike radarmålingar.

På andre sida av fjorden, i Oaldsbygda, er det montert ein radar, som heile tida skannar fjellsida via punkt på nakent fjell og registrerer rørsler. Ein fullskala klimastasjon gir opplysningar om eksempelvis nedbørsmengde og snødjupne.

– Vi har sett at vatn er ein avgjerande faktor som kan stimulere og påverke rørsle av fjell. Essensiell informasjon gir òg måleinstrumenta som på det meste går 150 meter ned i fjellet. Kjerneboringa er utført på tre plassar.

Tilbake får dei data om rørsle, temperatur og vassnivå. Totalinformasjonen gir dei svar på kor vidt det er trygt å bu i området, eller om rørslene er så store at evakuering bør skje. Eigne radiosamband, back up på straumforsyning og straumkablar utlagt på ulike punkt i landskapet, skal vonleg forhindre at viktig kommunikasjon vert broten, dersom noko ryk.

I lause lufta

– Her kan de sjå ein tydeleg indikasjon på at fjellet er i bevegelse, seier Jogerud.

Vi har gått råsa ned frå Ørnereiret for å inspisere delar av sjølve Åkernesremna. På det breiaste er ho 25 meter. På det smalaste éin meter. Rivna vert smalare og smalare di lenger nord ein kjem. Idet vi går ned ei trapp over rivna, ser vi at den heng fem-seks centimeter i lause lufta, og er delvis støtta opp med ein stein.

– Då trappa vart montert i fjor sommar, stod ho på fast grunn, uttalar Jogerud. Og peikar på ei rås, som stoppar brått. Her har fjellet rast ut.

Om 54 millionar kubikkmeter stein vil rase ut i fjorden på ein gong, er det ingen som veit. Ifølgje Jogerud er det størst aktivitet i den øvre flanken på 18 millionar kubikkmeter fjell.

Beredsskapssenteret dreg nytte av observasjonar gjort etter skred i Italia og Sveits, men å forutsjå korleis vårt fjell eksakt vil oppføre seg, er umuleg. Det ustabile partiet har innslag av svakare bergartar. Desse fjellplatene vert slipte og glatte med tida, og sklir lenger og lenger ned. Til slutt går det over i ein fase med kraftigare aksellerasjon, og delar av eller heile fjellpartiet losnar.

Kjensleladd

Per Åkernes sit og speidar utover den mektige naturen. Ein sprek 84-åring, men han tek ikkje risikoen på å gå den bratte hellinga ned til rivna. Åkernes kjempar med følelsane når vi spør korleis det er å vere attende i heimtraktene. Tårene trykkjer på saman med minna om gode barne- og ungdomsår.

Han har hatt fjellsprekken i tankane ofte, og lufta si bekymring gjentatte gongar. Først i 2004 skjedde det noko. Då sendte Norges geologiske undersøkelse (NGU) ei formell uromelding frå fylkeskommunen, ved fylkesgeolog Einar Anda, om at sprekken hadde utvida seg faretrugande. Det bidrog til å setje fart i overvakinga, som Åkernes meiner gir stor grad av tryggleik for dei som bur i det utsette området.

Sjølv om han vegrar seg mot å ta for mykje av æra for overvakinga, er han glad han heldt på sitt og varsla.

– Dette er eit ulendt område der det ferdast lite folk. Det var ei Guds lykke at eg oppdaga at rivna beveger seg så mykje som ho gjer.

24 personar i ei lita stove

I den vesle stova på Ytste Åkerneset budde det 24 personar i oppveksten til Per Åkernes.

– Vi låg to og to i sengene, og det var sengeplassar i kvart eit rom og kvart eit kott, fortel han.

Borna måtte tidleg arbeide.

– Det var så snart vi klarte å halde i ei rive og sidan i ein ljå, fortel han.Men når han ser tilbake, er han ikkje i tvil om at han hadde ein god oppvekst.

Mykje spennande

– Vi borna hadde frie tøylar og opplevde mykje spennande. Men vi lærte å passe oss, og i min syskenflokk skjedde det ingen alvorlege ulykker, fortel han.

Per Åkernes var den fjerde yngste i ein søskenflokk på 12. Familien tok til seg eit søskenbarn av Per, slik at i praksis talde søskenflokken 13 personar.

– Men også tante og onkel med fem born, og besteforeldra våre, budde i huset. Alt i alt var vi 24, fortel Åkernes, som i dag er ein av fire attlevande søsken.

Skule på Ljøen

Dei gjekk på skule på Ljøen, var borte i 14 dagar og hadde deretter like lenge fri.

På Ytste Åkerneset dreiv dei med geiter, og fram til like etter krigen vart det ysta geitost på garden. Fiske med line etter lange og brosme i fjorden var ein annan måte å skaffe mat på. Også småviltjakt, der det vart jakta på hare, rype og orrfugl, var ei form for matauk.

Rodde til Hellesylt

– Eg minnest at kvar 14. dag rodde far min til Hellesylt for å handle. Det var 13 kilometer kvar veg, og ein stri rotørn.

Åkernes fortel at for å kome seg til Ytste Åkerneset, var lettaste veg å gå opp frå fjøra. Det tok ein halv times tid.

– Men det er og råd å gå frå Fjørstad. Men denne turen tek frå fem til sju timar, og det er både ein lang og ein hard tur, fortel han.

Drog heimanfrå

Åkernes drog heimanfrå etter at han som 14-åring vart konfirmert.

I 1957 gifta han seg med Vigdis Hansen og flytta til Fiskarstrand, der han har budd sidan. Han har livnært seg innan bygg- og anleggsbransjen.

Fråflytta

I 1958 flytta foreldra og to brør frå Ytste Åkerneset, og sidan har ikkje nokon budd der fast.

Bror hans og familien eig i dag huset, som vert nytta til fritidsbustad.

– Løa og uthuset er dessverre borte, men for to år sidan ytte Storfjordens Venner eit tilskot slik at huset kunne verte restaurert. Det er tre år sidan sist han besøkte staden han vaks opp. Då gjekk han opp frå fjøra.

Helikoptertur

Men for to år sidan var han innom senteret til Åknes Tafjord Beredskap IKS på Stranda og kom til å nemne for dagleg leiar Kjell Jogerud at han gjerne skulle ha vore ein tur oppå fjellet for å plukke bær til vin.

– Vi skal opp med helikopter, så kom og bli med, var beskjeden eg fekk. Vi flaug opp til sprekken og også over barndomsheimen min, fortel Per Åkernes.I 2004 var han vertskap for storfint besøk på Ytste Åkerneset, nemleg dronning Sonja og følgjet hennar.

I albumet sitt har han bilete og helsingar som vart sendt heim til han frå Slottet.