Knut Ose, som døydde tidlegare i år, var heile livet engasjert som musikar og musikklærar. Saman med broren Nils Ose, vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gulll, for innsatsen i musikklivet på Søre Sunnmøre.

Støtte

– Knut Ose var ei støtte for Sunnmøre kammermusikkfestival heilt frå starten av i 2010, og vi er glade for å kunne heidre minnet hans ved festivalen i år, seier dagleg leiar Åshild Widerøe og styreleiar Gunnar Stave.

Ein av dei to kunstnarlege leiarane for festivalen, fiolinist Annar Follesø, hadde Knut Ose som sin første spelelærar.

(saka held fram under bildet)

Revoulusjon og reformasjon

Sunnmøre kammermusikkfestival 2017 går av stabelen 2.-9. september. Årets program er bygd opp rundt nøkkelorda revolusjon og reformasjon: I år er det 100 år sidan den russiske revolusjonen og 500 år sidan reformasjonen. Blant dei profesjonelle musikarane som tek del under årets festival er Miki Aoki (piano), Nina Gravrok (sopran), Jonathan Aasgaard (cello), Henrik Hannisdal (fiolin), Eriikka Nylund (fiolin) og Håkon Danilel Nystedt (dirigent).

(saka held fram under bildet)

Dagleg leiar Åshild Widerøe og styreleiar Gunnar Stave i Sunnmøre kammermusikkfestival. Foto: Hild Nordal

– I år skal det skje meir under festivalen enn nokon gong tidlegare. Kammermusikkfestivalen har utvikla seg både musikalsk og i breidde. Denne gongen har vi jobba spesielt mykje med å verte meir synlege, skape atmosfære og setje festivalpreg på bygdene, fortel Gunnar Stave.

I tillegg til fem hovudkonsertar i Volda, på Hareid, Sæbø og Flø, blir det m.a. kammerquiz og kammerjazz på Rokken i Volda, suppekonsert på Geiranger Bakeri i Volda, og festvalpub på hotellet på Sæbø.

Konsert i galleri

- Konserten på Flø skal vere i kunstgalleriet Studio Hugo Opdal, samtidig med ei utstilling av ein svært spennande kunstnar. Vi trur at dette vert ein flott konsertarena, seier Åshild Widerøe.

Meisterklassar, samspelsmøte, draumekonsert og komposisjonsverkstad er nokre av tilboda for barn, ungdom og studentar under festivalen. Også i år skal det delast ut eit talentstipend på 25.000 kroner til eit ungt, musikalsk talent frå Søre Sunnmøre.

Heile programmet for festivalen er å finne på nettet.