Dei nynorske festspela finn stad i Ørsta og Volda frå 13. til 16. juni:

No skal Maria Parr snakke til dei vaksne

Den populære barnebokforfattaren er stemnetalar på Dei nynorske festspela si avslutning.

Barnebokstjerne: Maria Parr frå Vanylven står på programmet for Dei nynorske festspela 2019.  Foto: Agnete Brun

Kultur

Maria Parr pleier kvart år å ta turen innom Dei nynorske festspela på Aasen-tunet. Nokre år som privatperson, andre gonger som ein del av programmet.