Hornindal:

Meir aktivitet på museet

Det skal bli meir aktivitet ved Anders Svor museet i Hornindal når det blir ein del av Sunnmøre museum frå 1. januar 2020.

Utstilling: Anders Svor museum i Hornindal.  Foto: Terje Engås

Kultur

Det seier Jarle Sanden, som snart tek til som konstituert direktør ved dei fusjonerte musea på Sunnmøre.

Fleire turistar

– Vi vil nok satse på å få til skiftande utstillingar i Hornindal, gjerne utstillingar som også går runden ved dei andre musea på Sunnmøre. Og så vil vi satse meir på turisme, også ved dei mindre musea, seier Sanden til Fjordabladet.

Styret i Sunnmøre museum har som mål å auke publikumstalet ved Anders Svor museum, og har mellom anna vore i dialog med Havila Hotel Raftevold, som planlegg innføring av museumsbesøk inkludert i opphald i Hornindal, legg avisa til.

Anders Svor museet sesongopnar laurdag 22. juni.

Stor auke

Frå 2017 til 2018 hadde Sunnmøre museum ein auke i besøkstalet på heile 60 prosent, i hovudsak takka vere langt fleire cruiseturistar.