Lykka er eit ungdomshus i Valldal

I godt over hundre år har det gamle ungdomshuset i sentrum av bygda samla folk og skapt gode minne. Og slik skal det fortsette, når huset nå får nytt liv, som konsert- og selskapslokale.
Kultur

Det er den draumen me ber på, at noko vidunderleg skal skje, og for ålesundsparet Marian og Sten-Even Holstad vart draumen verkeleg då dei i 2014 fekk kjøpe oppussingsprosjektet gamle Sylte ungdomshus i Valldal.