Mads Hansen til Strynemessa

Tek godt vare på «Sommerkroppen»

Det er klart for Strynemessa, den 44. i rekkja. Det heile tek til fredag 4. oktober.

Opptrer: Mads Hansen kjem til Strynemessa på søndag.   Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kultur

Eit av trekkplastera er Vidar Villa med band og Mads Hansen. Sistnemnde har sjølvsagt songen «Sommerkroppen» på repertoaret. Dette skjer søndag.

Fredag er det altså messeopning, og då blir det mellom anna seniortreff og prisutdelingar.

«Kattekryp»

Laurdag er det "minecraft session" med «Kattekryp», Sildakongen presenterer sitt royale sildebord, Aasen-tunet gjev deg ein smakebit på Tun-pølsa – medan Torgrim Holte held hypnose-show.

Søndag er det stor konsert med Vidar Villa med band – og Mads Hansen.

Alle tre dagane under messa er Hugos Tivoli på plass. Og så er sjølvsagt Strynemessa som alltid ein stad der mange små og store bedrifter har utstilling for å presentere seg og sine produkt.