Lanserer ny bok om landbrukshistorie

«Frå flintsigd til robotfjøs» er tittelen på den nye boka frå lokalhistorikar Paul O. Tomasgard si hand.

Bok: "Frå flintsigd til robotfjøs" er den nye boka frå Paul O. Tomasgard.   Foto: Terje Engås

Kultur

Dette er band to i serien «Landbruks- og bygdehistorie frå Hornindal». Boka blir presentert på eit bokslepp laurdag 2. november.

Smakebitar frå boka

Det skjer i Honndalshallen laurdag ettermiddag, der forfattaren vil fortelje om arbeidet med boka, og gje smakebitar frå innhaldet.

Arrangørar av boksleppet er Hornindal bondelag og Hornindal historielag.

I band 2 skriv Tomasgard om perioden frå 1960-åra og fram til i dag, ein periode der landbruket og bygdelivet har opplevd store endringar.

Teknologi

Hesten og manuell arbeidskraft er erstatta av maskinar og teknologi, og sidan 1969 er dessutan om lag 70 prosent av alle gardsbruk i Hornindal blitt lagt ned som sjølvstendige driftseiningar.

Derimot har produksjonen auka kraftig.

Tomasgard ser i boka også på mange ulike tema på bygda, som skogsdrift, hyttebygging og turisme, fjordhesten, smedane – og på naturskadar.