< Professor møter elev - Sunnmørsposten

Jubileumskonsert i Storfjord kulturhus

Professor møter elev

Pianistveteran Håvard Gimse og Strandas unge pianist Martha Berit Belt held konsert i Storfjord kulturhus søndag 10. november.

Konsert: Håvard Gimse kjem til Stranda.  Foto: John Andresen

Pianist: Martha Berit Belt.  Foto: Privat

Kultur

Det er i høve Storfjord kulturhus sitt 20-årsjubileum at det blir storfint klavermøte på Stranda førstkomande søndag.

Håvard Gimse er professor ved Norges Musikkhøgskule, og er dessutan ein ettertrakta musikar som held konsertar verda rundt. Han har hatt konsertar saman med mellom andre symfoniorkester i Sverige, Danmark, England, Japan, Tsjekkia, Tyskland, Belgia og USA.

Griegakademiet

Martha Berit Belt frå Stranda fullførte mastergraden sin ved Griegakademiet våren 2016. Ho har også hatt timar med mellom andre Håvard Gimse.

Belt arbeider no både som solist og akkompagnatør, ikkje berre i Bergen, men også i Tyskland og Nederland.

No skal desse to musikarane for første gong halde konsert saman i Storfjord kulturhus på Stranda.

Godt kjend i huset

Kulturhusleiar Sigurd Drege fortel at Martha Berit Belt er godt kjend i kulturhuset på Stranda, fordi ho har nytta alle feriar og høgtider til å øve der.

– Og no gler vi oss til å høyre henne saman med Håvard Gimse, legg Drege til.