< Sender agent ut på farefulle oppdrag - Sunnmørsposten

Forfattar i Fosnavåg:

Sender agent ut på farefulle oppdrag

Det er lite som minner om vald, død og terror der vi ser ut over det ryddige og romslege kontoret til ingeniør Gunnar Inge Berge i Fosnavåg. Like fullt har han nettopp gjort seg skuldig i ein thriller med nettopp desse ingrediensane.

Romandebut: Gunnar Inge Berge i Fosnavåg har skrive thrillerromanen «Der sannheten dør».  Foto: Terje Engås

Kultur

– Nei, hovudpersonen John Brodie i boka mi liknar slett ikkje på meg. Eg er ein fredsæl mann som ikkje har lyst til å skade eller ta livet av nokon, ler Gunnar Inge Berge.