< Her blir det både gudsteneste og grautsal - Sunnmørsposten

Her blir det både gudsteneste og grautsal

Vi snakkar om Ikornnes kyrkje i Sykkylven, og vi skundar oss med å legge til at grautsalet skjer i kyrkjekjellaren.

Ikornnes kyrkje i Sykkylven.  Foto: Terje Engås

Kultur

I helga er det nemleg klart for dei årlege Kyrkjedagane på Ikornnes. Det heile startar fredag kveld med kveldskos i kyrkjekjellaren. Der blir det servering av suppe og kaffi – og åresal.

Prestar syng Dylan

Her blir det også intimkonsertar med både Sveinung Utgård, Jon Reidar og Hallstein Kurseth – og med prestane Øystein Braaten og Erlend Lunde. Dei to siste har Bob Dylan sine songar på repertoaret.

Laurdag er det grautsal, kaker, tombola og sal av årer i kjellaren. Og her blir det underhaldning med mellom andre Jippikoret.

Festgudsteneste

Søndag er det så duka for festgudsteneste med dåp, og med musikalske innslag ved Jippikoret, Barnekoret Super og Hundeidvik Blandakor.

Arrangør er soknerådet.