Festival:

Det blir ikkje Indiefjord i år

– Vi hadde håpa i det lengste at vi kunne  gjennomføre den sjuande Indiefjord som planlagt. Dessverre vert det umuleg for oss i år, både med tanke på antal folk og om det er forsvarleg.

Silja Haddal Mork er festivalsjef for Indiefjord. Dette bildet er frå festivalen i 2019.  Foto: Joachim Åsebø, Møre-Nytt

Kultur

Dette kommenterer festivalsjef Silja Haddal Mork til Sunnmørsposten, og legg til:

– Fleire av banda og gjestane reiser frå utlandet, karantenereglane gjer dette umuleg. Det er tungt no, men vi ser fram mot Indiefjord i 2021.

Indiefjord er den vesle festivalen på Bjørke i Volda. Sidan starten i 2014 har festivalen vekst fra å vere ein venners-vennersfest til ein festival internasjonale indiepop-band opprettar europaturne for å besøke. Nærare 250 søknader om å få bli med kom inn til Indiefjord 2019. Årets festival skulle gå av stabelen 11. til 13. juli.

Torsdag kveld annonserte festivalarrangørane på Indiefjord si nettside og Facebookside at årets festival må avlysast.


Indiefjord blir arrangert for sjette gong til helga:

– Heile bygda blir ei scene

Nærare 250 søknader kom inn til Indiefjord 2019, og arrangørane måtte seie nei til favorittband dei håpar å få booka «neste år», fordi dei var så mange. Til helga kjem 22 band, dansarar og DJ-ar for å opptre Bjørke rundt.