Nytt album frå Dag-Filip Roaldsnes:

Tredelt leit etter eiga stemme

Trilogien som Dag-Filip Roaldsnes no er ferdig med har i bunn og grunn handla om å finne si eiga stemme i musikken. No har han funne den, og har kome heim til melodiane.

Aktuell: Dag-Filip Roaldsnes på Valderøya i Giske er aktuell med nytt album og konsert.   Foto: Staale Wattø.

Kultur

I 2012 debuterte Roaldsnes med det første albumet i trilogien. Dette hadde namnet «Først», eit album som var farga av åra som student på Norges musikkhøgskule. Det andre albumet, «I eit landskap», kom ut i 2016. Da hadde livssituasjonen endra seg med kone, barn og hus heime på Valderøya. Dette albumet var prega av landskapet på heimstaden.