Trine Røssevold med retrospektiv jubileumsutstilling:

Ein kunstnar ser tilbake

Det er 20 år sidan debututstillinga og 30 år sidan ho tok fatt på kunststudiane. Trine Røssevold markerer fylte femti år med å sette foten i bakken, snu seg rundt og sjå bakover på kunstnarskapet som har vakse fram.

Utstillingsåpning til slutt: Trine Røssevold kan sjå tilbake på 30 med kunst.  Foto: Mateo Christensen

Kultur

Tilbakeblikket har blitt til den retrospektive utstillinga «Slik eg ser det» som fyller store delar av første etasje i kulturhuset Nittennullni på Valderøya.