Arne Ruset:

Pensjonert psykiater med krimroman

Arne Ruset har skrive dikt, romanar, noveller og barnebøker. Men han mangla noko viktig i porteføljen: Ein kriminalroman. Så no har han skrive det, også.

Forfattar: Arne Ruset er ute med sin tredje roman på fem år, denne gongen ein krim.   Foto: Rigmor Sjaastad Hagen/Romsdals Budstikke

Kultur

– Eg tenkte eg måtte skrive ein krim før eg vart for gamal. Eg blir 70 i juni, seier den pensjonerte psykiateren.