Volda-vokalistar med svensk perle

Vokalgruppa Mju frå Volda har forelska seg i melodiane til den svenske Björn J:son Lindh.

Firkløver: Vokalgruppa Mju. Frå venstre Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Irene Åbrekk Kalvatn, Svein Ola Lillestøl og Gaute Øvereng.  Foto: Pressefoto

Kultur

Dei kom nyleg med sin tredje singel med musikk basert på melodiane til komponisten og musikaren Björn J:son Lindh, som døydde i 2013.