Fjordafolket skal støypast i bronse

Kunstnar Ola Stavseng er i ferd med å få selskap av fjordafolk i verkstaden sin i Stordal. Ei kvinne med eit barn i eine handa og ei rive i den andre er snart støypeklar.

Snart støypeklar: Skulpturen av den dobbeltarbeidande kvinna er snart støypeklar, fortel kunstnaren Ola Stavseng.   Foto: Privat

Kultur

– Deretter skal eg lage ein skulptur som viser ein mann med ei høybør, og ein annan mann med ein stuttorv, fortel Ola Stavseng (71).