Råka av ein rosa solstråle

Ho lyste opp det slitne og grå med den rosa t-skjorta si og eit stort smil. Då ho seinare dansa bortover plattingen i brukte sølvsko frå Sunnmøre, skjedde det noko i Grethe.

Det var litt tilfeldig at Grethe Enerhaug vart med som sjåfør for «Hjelpesendingene til Ukraina» første gong. – Eg tenkte at eg skulle vere med og ha eit ope sinn. Men eigentleg var eg litt skeptisk, fortel ho. Det heile endra seg då ho møtte vesle Alina. Foto: PEDER OTTO DYBVIK